Høgskulen på Vestlandet - Fagstilling i bygg og anlegg

Hjemmeside
https://www.hvl.no/

Kategori
IT-stillinger

Ansettelsesform
Heltid

Søk nå

Fagstilling i bygg og anlegg, Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017, då Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.
 
HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
 
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.
 
HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
 
Fagstilling i bygg og anlegg
 
Høgskulen på Vestlandet (HVL), avdeling for ingeniør- og naturfag søkjer etter fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i bygg og anlegg med arbeidsstad ved campus Førde.
 
Avdeling for ingeniør og naturfag har omlag 400 studentar og 40 tilsette. Avdelinga består av Institutt for ingeniør og teknologifag på Campus Førde, og Institutt for naturfag på Campus Sogndal. Institutt for ingeniør og teknologifag har om lag 35 tilsette, og tilbyr bachelorstudium i Fornybar energi, Geologi og geofarre, Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur og masterprogram i Climate Change management. 
 
Arbeids- og ansvarsområde
Ingeniørstudiet i bygg og anlegg ved Campus Førde vart starta opp hausten 2016, og vert gjennomført i lag med byggfag ved HVL Campus Bergen. Arbeidsoppgåvene for stillinga vil vere knytt til undervisning og rettleiing av bacheloroppgåver og andre prosjektoppgåver innanfor konstruksjons- og infrastrukturfag. Det kan også vere aktuelt med undervisning i andre emner innanfor ingeniørutdanninga.
 
Forskings- og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans til fagområdet ligg også til stillinga, i tett samarbeid med regionalt næringsliv, bransjeorganisasjonar og resten av fagmiljøet i HVL. Søkjaren bør skissere aktuelle forskingsområde i søknaden.
 
Ca 80% av stillinga vil vera knytt til undervisning og forsking og ca 20% til koordinering og utvikling av studiet spesielt med omsyn til samhandlinga med Campus Bergen.
  
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha bakgrunn innan bygg- og anleggsingeniørfaget, på mastergrad eller sivilingeniør-nivå. Det er ein fordel med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse.
 
Det vil bli lagt vekt på pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisningsarbeid samt relevant næringslivserfaring. Evne til samarbeid og nettverksbygging i høve til næringsliv og andre aktuelle samarbeidspartnare vil vera viktig.
 
For tilsetjing som førsteamanuensis er kravet doktorgrad eller vitskapeleg kompetanse på tilsvarande nivå. For tilsetjing som førstelektor er krava kvalifikasjonar som samla er på nivå med førsteamanuensis, men vurderinga byggjer på eit breiare grunnlag. For tilsetjing som høgskulelektor er kravet hovudfag/mastergrad frå universitet/høgskule.
 
Den som vert tilsett, vil måtte kunne undervise i dei sentrale emna innan bygg- og anlegg etter gjeldane studieplan, og vere med i arbeidet med å utvikle fagområdet og undervisningsopplegget. Stillinga krev gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med andre fagdisiplinar og eksterne partar. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement.
 
Arbeids- og undervisningsspråket er norsk. Dersom ein ikkje har norsk kunnskapar, krev vi fullføring av norskkurs «Bergenstest» på nivå 2 innan eitt år. Tilsette utan formell pedagogisk utdanning og som ikkje kan dokumentere tilsvarande kvalifikasjonar, vil kunne bli pålagt å gjennomføre kurs i pedagogikk. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju med prøveførelesing.
 
Tilsetjingsvilkår
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ for førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor etter ansiennitet og kompetanse. Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen.
 
Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.
 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv ber om det. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.
 
Meir informasjon får du hos instituttleiar Eli Nummedal tlf. mobil: +47 48218755; eller dekan Stein Joar Hegland, stein.joar.hegland@hvl.no
 
OM STILLINGEN
 
Søknadsfrist
31. juli 2017
 
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
 
Kommune
Førde
 
Arbeidssted
Campus Førde
 
Jobbnorge-ID
138811
 
Intern-ID
17/05627
 
Omfang
Heltid
 
Varighet
Fast
 
OM SØKNADER
Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
Du må fylle ut: Standard CV
Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!
 
Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk denne stillinga» på denne sida. Legg ved publikasjonsliste, inkludert digitale kopiar av opptil 10 vitskaplege arbeid. Vi ber om at det i søknaden vert oppgitt to referansar der ein er frå siste arbeidsgjevar.
 
Søknaden skal vise til relevant kompetanse og kvalifikasjonar (jf. ‘Arbeids- og ansvarsområde’ og ‘Kvalifikasjonar’). Desse er direkte grunnlag for sakkunnigkomiteen sitt vurderingsarbeid saman med CV/publikasjonsliste. Innstilling av søkarar til tilsetjingsutvalet ved høgskulen vert gjort av ein
innstillingskomité ved avdelinga på grunnlag av sakkunnigkomiteen sitt vurderingsarbeid samt intervju/prøveførelesing og referansesjekk.