Høgskulen på Vestlandet - Førsteamanuensis i hydrologi og klimaendringar

Hjemmeside
https://www.hvl.no/

Kategori
Forskning

Ansettelsesform
Heltid

Søk nå

Førsteamanuensis i hydrologi og klimaendringar, Høgskulen på Vestlandet

Avdeling for ingeniør og naturfag har omlag 400 studentar og 40 tilsette. Avdelinga består idag av Institutt for ingeniør og teknologifag på Campus Førde, og Institutt for naturfag på Campus Sogndal.
 
Arbeids- og ansvarsområde
Arbeidsoppgåvene for stillinga er undervisning på masterprogrammet Climate Change Management (emne Run-off management) og i semesterprogramma Geohazards and Climate Change (emne Climate Change) og From Mountain to Fjord (emne Glaciers and ecology).
Undervisning på bachelorprogrammet i geologi og geofare er også aktuelt.
 
Forskingsområda bør vera innan geologi, hydrologi, ingeniørgeologi, klimaendringar og/eller klimatilpassing og –planlegging og passe inn i avdelinga sitt strategiske forskingsprogram i «Environmental sciences».
 
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett i stillinga må ha kvalifikasjonar svarande til førsteamanuensis i hydrologi og må kunne vise til vitskapleg produksjon innan hydrologi og klimaendringar og elles ha ein fagleg bakgrunn som gjer at ein kan undervise emna som tilhøyrar arbeids- og ansvarsområda.
 
I tillegg vert det lagt vekt på:
  • Erfaring frå engelskspråkleg undervisning.
  • Evne til å arbeide tverrvitskapleg og/eller med forskarar frå fleire fagdisiplinar.
  • Erfaring frå internasjonale forskingsprosjekt og evne til å skaffe eksterne prosjekt.
Søkjaren bør skissere aktuelle forskingstema i søknaden og deira relevans for fagmiljøet.
 
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement. For tilsetjing som førsteamanuensis er krava doktorgrad eller vitskapleg kompetanse på tilsvarande nivå.
 
Arbeidsspråket er engelsk og norsk. Dersom ein ikkje har norskkunnskapar, krev vi fullføring av norsk kurs «Bergenstest» på nivå 2 innan to år. Tilsette utan formell pedagogisk utdanning og som ikkje kan dokumentere tilsvarande kvalifikasjonar, vil kunne bli pålagt å gjennomføre kurs i pedagogikk. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju med prøveførelesing.
 
Tilsetjingsvilkår
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ for Førsteamanuensis etter ansiennitet og kompetanse. Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Tilsetjing skjer på dei vilkår som følgjer av Lov om statens tenestemenn og dei reglement som til ei kvar tid gjeld i høgskulen.
 
Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.
 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv ber om det. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.
 
Meir informasjon får du hos instituttleiar Tarald Seldal,tarald.seldal@hvl.no, tlf. +47 57 67 62 40, Mobil: +47 95 29 96 75; eller dekan Stein Joar Hegland,stein.joar.hegland@hvl.no.
 
Søknad med CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk denne stillinga» på denne sida. Legg ved publikasjonsliste, inkludert digitale kopiar av opptil 10 vitskaplege arbeid. Vi ber om at det i søknaden vert oppgitt to referansar der ein er frå siste arbeidsgjevar. Søknaden kan vera på engelsk.
 
Søknaden skal vise til relevant kompetanse og kvalifikasjonar (jf. ‘Arbeids- og ansvarsområde’ og ‘Kvalifikasjonar’). Desse er direkte grunnlag for sakkunnigkomiteen sitt vurderingsarbeid saman med CV/publikasjonsliste.
Innstilling av søkarar til tilsetjingsutvalet ved høgskulen vert gjort av ein innstillingskomité ved avdelinga på grunnlag av sakkunnigkomiteen sitt vurderingsarbeid samt intervju/prøveførelesing og referansesjekk.